Fellestrening, seminar og dommarkurs
- Laurdag 28.04 kl 12.00 vert det fellestrening med Zhu Hong for alle i BSI/BTWK uavhengig av kva grein du trener. Zhu skal lære vekk ein kortform som heiter Wubuquan og som inneheldt alle grunnleggande stillinger i wushu. Om kvelden, kl 19, arrangerer me ei sosial samkoma med restaurantbesøk for alle som har lyst. Meir infomasjon får de på seminaret på laurdag.
- Sundag 29.04 kl 11:00 - 15:00 arrangerer BSI/BTWK saman med Kampsport region vest introduksjonskurs i Wushu i treningslokala våre i Fabrikkgaten 7B. Kurset er åpent og gratis for alle. Spre gjerne ordet og heng opp det vedlagte dokumentet i nærmiljøet, på jobb eller skule. Dei som deltek på seminaret får anledning til å byrje å trene i klubben fast etterpå, og får resten av semesteret gratis mot at dei betaler for neste semester.
- 6. mai vert det fyrste nordiske mesterskapet i wushu arrangert i Oslo, og BSI/BTWK har eit knippe utøvarar som skal delta. Me treng fortsatt å utdanne dommarar i Noreg, og 5. mai vert det arrangert dommarkurs i Oslo.Deltaking på kurset gjev løyve til å dømme på nordisk nivå, og kravet er at ein allereie har gått på dommarkurs på nasjonalt nivå. Me oppfordrer spesielt sanshoudommarar om å delta på kurset.
