Nytt treningstilbod: Daoshu
Etter sabelseminaret i dag vart det vedteke å starte eit daoshuparti, med treningstid torsdagar 18:00-19:30.
Dao (sabel) er eit av dei mest fundamentale våpna innan wushu,
saman med gun (stokk). Rune Ingebrigtsen underviste i dag grunnteknikk
og starten på ein taolu frå Jing Woo Guan, som vart grunnlagd av den
berømte Huo Yuanjia, sist portrettert av Jet Li i filmen
"Fearless".
Det er denne taolusekvensen og desse grunnteknikkane som vert tema på torsdagane framover. Treningane vil vere "organiserte fritreningar", dvs at det ikkje er ein fast instruktør, men vi har sett av ei fast tid der vi hjelper kvarandre med å kome vidare. Om ein månads tid tek vi eit nytt seminar med Rune for å få korreksjon på det vi kan, og lære fleire teknikkar og meir av taoluen.

