Årsmøte 2007 - BSI Taiji
Det vert årsmøte i BSI Taiji torsdag 8.februar klokka 19.30. Møtet vert halde på grupperom 5 i Realfagsbygget (Allegaten 41), og er ope for alle medlemer i BSI Taiji. Etter møtet går me på Legal og fortset dei gode diskusjonane der.. :)
På årsmøtet vil me velge nytt styre for 2007. Dei fleste frå det
gamle styret
stiller til gjenvalg, og me har også fått nokre nye kandidatar. Men
me treng
alltid engasjerte folk, og styrearbeid i BSI Taiji er veldig moro og
lærerikt!
Dersom du ynskjer å vera med i styret, ta gjerne kontakt med leiaren
på mail:
kristin.svartveit@student.uib.no eller telefon: 99297748.
Foreløpig saksliste:
ÅM 00/07: Val av ordstyrar og referent
ÅM 01/07: Godkjenning av innkalling og dagsorden
ÅM 02/07: Drøfting av BSI Taiji si årsmelding for 2006
ÅM 03/07: Gjennomgang av rekneskap for 2006
ÅM 04/07: Vedta budsjett for 2007
ÅM 05/07: Fastsetjing av kontingent for styremedlemer og
trenarar
ÅM 06/07: Andre inkomne saker
ÅM 07/07: Val av nytt styre for 2007
Dersom nokon har saker dei ynskjer å ta opp på årsmøtet, kan de
melde dei tilKristin innan onsdag 31. januar.
Vel møtt!
